OlavHelland.com

Olav Helland

Arkiv for august 2004

I dag er ein fin dag!

For i dag blir eg nemlig


30 år


hipp hurra

Ingen kommentarer

Så var ferien slutt…

Ferien starta som planlagt med Fanta Vikedal den første helga. Gunnar, Nils, Petter, Hedda og Asta var med på turen over fjellet og overnatta i ei av hyttene våre. Eg og Petter tapte første kampen 2-1 for Nils og Gunnar. Dei vant 1. sett greit, me vant 2. settet klart. 3. settet klarte me ikkje fortsette det gode spelet i 2. sett og tapte kampen 2-1. I siste kampen møtte me Ole Martin (lillebror) og Bjarte. Dei spelte over evne og me tapte faktisk 2-1 :-( Nesten litt flaut… Bilder frå turneringa er lagt ut her.


Mandagen etter pakka me sekkene og drog til fjells. Første dagen var mor med. Me skulle først inn til Månastøl der våre naboar Helga og Jan var på hytta. Det blei tid til litt fisking og Linda viser her stolt fram fangsten. Me hadde egentlig planlagt å ligge i det nye teltet vårt, men sa jo ikkje nei når me blei tilbudt den gamle Melkebua. Dagen etter sa me hadet til dei andre og gjekk aleine vidare. Etter ein del timar begynte det å bli utrykt for ettermiddagsbyger, så då slo me opp teltet og åt lunsj og kvilte litt, før me gjekk vidare inn til Kaldavatnet og slo leir der for kvelden. I løpet av natta slo veret om litt, og neste morgon så regna det :-( Me avventa ei stund før me gjekk vidare. Det blei opphald utover formiddagen, men det begynte å regne skikkelig etter ein times tid.. Så når me gjennomblaute kom fram til Krossvatn-hytta, la me oss like godt inn der for natta. Dagen etter gjekk me vidare til Skreivatnet der me hadde kjørt inn bilen min tre dagar tidligare. Bilder frå turen fins her.


7. august var me i bryllupet til søskenbarnet mitt Ivar og hans Marte. Bryllupet var på Ålgård, like sør for Sandnes. Der fekk Linda helst på det som var av gamle tanter…
Har lagt ut nokre bilder derfra og. Dei finner du her


Søndagen etter (i 29 graders varme) satte me oss i bilen og kjørte mot Sandefjord.. Det blei ein heller svett kjøretur, men me rakk i alle fall ferja til Strømstad som gjekk kl 2000. Før midnatt var me på familiehytta til Linda og klar for ei veke med sol og sommar.
Og det blei det. Strålande varmt og fint ver heile veka. Dagane gjekk stort sett med til bading og soling ute på svaberga i den svenske skjærgården :-) I tillegg rakk me ein liten dagstur til Gøteborg. Sjølvsagt bilder herfra og. Her er de.


Ferien 2004 er slutt :-(


 

Ingen kommentarer