Ein kvar stor terasse må ha ein grill.. Men sidan me bur i blokk, så er det visst ikkje lov å bruke vanleg kullgrill :-( .

Så då sto valget mellom gass eller elektrisk. Og då skal visst gass vere bra seies det. Slo til på eit tilbod på ein Landmann 00553 fra Elkjøp.

Kotelettene blei gode dei! :-D

 

Søndag var det klart for Fanta 2 turnering i Halden. Greit å få med seg når ein likevel var i nærheten :-D .

Havna i pulje med Øystein og Øyvind igjen.. Slo dei 2-0 etter eit jamnt første sett. Dei to andre puljekampane gjekk forsåvidt også greit.. Kvartfinale mot nykomposisjonen Dag Tannes-Fjeld/Øyvind Wergeland. Tapte 1. settet. Men etter å ha fått fora Petter med litt brus og sjokolade gjekk det meste vår vei etterpå, og me drog i land dei to neste setta. Klart for semi mot Espen Gøranson/Bjørn F. Ingeborgrud. Litt underdogs nå, men me åpna friskt og freidig i første settet, tok kommandoen og klarte å slite i land ein settseier med 24-22! Men det var det. Litt jevnt også i andre sett, men tapte. Kom bakpå i starten av siste settet, og klarte aldri å ta igjen ledelsen. Skulle spelt bronsefinale mot Kobbevik/Holtan, men fekk seieren på walkover, da Magne hadde fått seg ein strekk.. Ny 3.plass! Og den heldige vinnar av ein telyshaldar (!).

 

Fri på fredag etter nokre veker med natt- og kveldsvakt, og då var det “dags” for svensk “mittsommarfeiring” på hytta til Linda&co. Heile svenske-familien samla, med fire generasjonar på plass.. Her er det ikkje noko st.Hans-bål med svartsviing av pølsesnabbar, men drikkeviser, sild og nubbe (akevitt) som gjeld :P .

  • Bilder i fotoalbumet.Her er ein videosnutt frå kvelden:
  • Svensk drikkevise (13,4 Mb avi)
  •  

    Var på Ullevål saman med 25000 andre i går. Strålande sol og fin konsert som starta litt middels, men som tok seg bra opp mot slutten :-) .

    Les kva aviser og tv meinte:

  • VG
  • Aftenposten
  • Dagsavisen
  • NRKOg i kveld speler dei på Viking Stadion. Det er berre å ta seg ein tur…
  •  

    Oppsettet var sjølvsagt endra, så når me troppa opp 0830 skulle me sjølvsagt ikke spele kl 09 likevel… I staden skulle me møte Øystein og Øyvind i andre kamp. Vant 1. greit. Rota vekk 2. og vant greit i tiebreaket.

    Resten av kampane gjekk som følger.. Blei stoppa på veg mot finalen av Leite/Lyng igjen. I finalen vann dei ein jevn rysare mot Teamet.

      Puljekamper:

    • Helland/Sand-Larsson – Hjelseth/Solheim 2-1
    • Helland/Sand-Larsson – Ulveseth/Antonisen 2-0
    • Helland/Sand-Larsson – Gulderk/Fakhri 2-0

      Kvartfinale:

    • Helland/Sand-Larsson – Stenseth/Kristensen 2-0

      Semifinale:

    • Helland/Sand-Larsson – Leite/Lyng 0-2 :-(

      Bronsefinale:

    • Helland/Sand-Larsson – Hjelseth/Solheim 2-1 :-)
     

    Å kjøpe sofa er ein langdryg prosess. Ikkje berre bruker ein laang tid på å bestemme seg for kva for ein skal velge. Men når ein først har funne ein fin ein, så ja, så er det berre 8 veker leveringstid på den. Ikkje verst. Men nå. Nå er den her. Den flotte Nizza Chicago frå Bolia!

     
    <%image(20050610-torshov.jpg|100|100|Fanta Open Torshov)%>

    Ny helg, ny Fanta Open turnering og ny makker! Petter skal bort i helga, så i morgon blir det unionslaget Helland/Sand-Larsson som skal slå frå seg. (Anders er altså svensk, og speler normalt med Bjørn Tovslid…)

    Me har havna i pulje med de gamle Torshov-traverne Otterdal/Lozic og Wagensonner/Sæter. (Kampoppsett). Her burde vere muligheter for avansement :-) .

    Ellers må det nevnast at det er Fanta Open heime på Sand i helga også :P . Både Hans Magne, Ole Martin og Magnhild deltar.. Skulle nok ha vore med der kanskje, men fant ut at det var greit med 50m reiseveg i staden for 40 mil :D .

    © 2012 OlavHelland.com Suffusion theme by Sayontan Sinha