Arkiv for juni 2005
Landmann 00553 gassgrill

Ein kvar stor terasse må ha ein grill.. Men sidan me bur i blokk, så er det visst ikkje lov å bruke vanleg kullgrill :-(.
Så då sto valget mellom gass eller elektrisk. Og då skal visst gass vere bra seies det. Slo til på eit tilbod på ein Landmann 00553 fra Elkjøp.
Kotelettene blei gode dei! ![]()
Fanta Open Halden - enda ein 3. plass

Søndag var det klart for Fanta 2 turnering i Halden. Greit å få med seg når ein likevel var i nærheten :-D.
Havna i pulje med Øystein og Øyvind igjen.. Slo dei 2-0 etter eit jamnt første sett. Dei to andre puljekampane gjekk forsåvidt også greit.. Kvartfinale mot nykomposisjonen Dag Tannes-Fjeld/Øyvind Wergeland. Tapte 1. settet. Men etter å ha fått fora Petter med litt brus og sjokolade gjekk det meste vår vei etterpå, og me drog i land dei to neste setta. Klart for semi mot Espen Gøranson/Bjørn F. Ingeborgrud. Litt underdogs nå, men me åpna friskt og freidig i første settet, tok kommandoen og klarte å slite i land ein settseier med 24-22! Men det var det. Litt jevnt også i andre sett, men tapte. Kom bakpå i starten av siste settet, og klarte aldri å ta igjen ledelsen. Skulle spelt bronsefinale mot Kobbevik/Holtan, men fekk seieren på walkover, da Magne hadde fått seg ein strekk.. Ny 3.plass! Og den heldige vinnar av ein telyshaldar (!).
Ingen kommentarerSvensk mittsommar

Fri på fredag etter nokre veker med natt- og kveldsvakt, og då var det “dags” for svensk “mittsommarfeiring” på hytta til Linda&co. Heile svenske-familien samla, med fire generasjonar på plass.. Her er det ikkje noko st.Hans-bål med svartsviing av pølsesnabbar, men drikkeviser, sild og nubbe (akevitt) som gjeld :P.
R.E.M konsert på Ullevål i går!

Var på Ullevål saman med 25000 andre i går. Strålande sol og fin konsert som starta litt middels, men som tok seg bra opp mot slutten :-).
Les kva aviser og tv meinte:
Resultater fra Torshov - ny 3.plass…
Oppsettet var sjølvsagt endra, så når me troppa opp 0830 skulle me sjølvsagt ikke spele kl 09 likevel… I staden skulle me møte Øystein og Øyvind i andre kamp. Vant 1. greit. Rota vekk 2. og vant greit i tiebreaket.
Resten av kampane gjekk som følger.. Blei stoppa på veg mot finalen av Leite/Lyng igjen. I finalen vann dei ein jevn rysare mot Teamet.
-
Puljekamper:
- Helland/Sand-Larsson - Hjelseth/Solheim 2-1
- Helland/Sand-Larsson - Ulveseth/Antonisen 2-0
- Helland/Sand-Larsson - Gulderk/Fakhri 2-0
Kvartfinale:
- Helland/Sand-Larsson - Stenseth/Kristensen 2-0
Semifinale:
- Helland/Sand-Larsson - Leite/Lyng 0-2
Bronsefinale:
- Helland/Sand-Larsson - Hjelseth/Solheim 2-1
Endelig sofa!

Å kjøpe sofa er ein langdryg prosess. Ikkje berre bruker ein laang tid på å bestemme seg for kva for ein skal velge. Men når ein først har funne ein fin ein, så ja, så er det berre 8 veker leveringstid på den. Ikkje verst. Men nå. Nå er den her. Den flotte Nizza Chicago frå Bolia!
1 kommentarFanta Open Torshov i morgon
<%image(20050610-torshov.jpg|100|100|Fanta Open Torshov)%>
Ny helg, ny Fanta Open turnering og ny makker! Petter skal bort i helga, så i morgon blir det unionslaget Helland/Sand-Larsson som skal slå frå seg. (Anders er altså svensk, og speler normalt med Bjørn Tovslid…)
Me har havna i pulje med de gamle Torshov-traverne Otterdal/Lozic og Wagensonner/Sæter. (Kampoppsett). Her burde vere muligheter for avansement :-).
Ellers må det nevnast at det er Fanta Open heime på Sand i helga også :P. Både Hans Magne, Ole Martin og Magnhild deltar.. Skulle nok ha vore med der kanskje, men fant ut at det var greit med 50m reiseveg i staden for 40 mil :D.
1 kommentar