Arkiv for august 2005
Ingen stor suksess i NM

I helga har det vore NM i sandvolleyball i Trondheim. Eg og Petter måtte pga. for få rankingpoeng spele kvalifisering på fredag. 13 lag kjempa om 2 plasser i hovedrunden. Enkel eliminering. Vann første kamp 2-0 mot nokre juniorar frå Inderøy. Neste kamp var mot Dag & Pierre. Som alltid tapte me her førstesettet, låg litt under i det andre, sånn bare for å gi de smaken av seier, før me skjerpa oss..og vant til slutt 2-1, etter eit solid sistesett. Duka for kamp om å kome inn i hovedrunden mot Bjørn Ingeborgrud, som for anledningen hadde funne seg ny makker, evigunge Ronny Berntsen. Her hadde me egentlig gode muligheter, men det ville seg ikkje. Tapte første settet, vant det andre, men kom tidlig bakpå i det siste settet, og NM-exiten var et faktum :-(.

Men om me svikta, så hadde andre suksess. Ikkje berre kvalifiserte Gunnar & Nils seg til hovedrunden etter å ha satt Huseby/Hellum ettertrykkelig på plass. Men dei presterte å spele seg fram til ein strålande 5. plass! Gratulerer.
Bilder i fotoalbumet (frå vår kamp mot Ingeborgrud/Berntsen og Team-Beijing’s kampar mot hhv. Johansenx2 og Kjemperud/Skarlund)
Ingen kommentarerVannskidebut i den svenske skjærgården

Ferien er slutt. Var heime på Sand ei lita veke først. Mykje regn gjorde at det med unntak av turen til Preikestolen blei mest bokferie. Planlagde fjell- og sykkelturar gjekk bokstavelig talt i vasken… I søken etter sol og sommar bestemte me oss for å reise til Syden, nærmare bestemt Danmark. Ferje frå Egersund, overnatta ei natt i Hanstholm etter sein ferjeankomst, før me reiste videre sørover, og hadde to dagar i Ebeltoft og to i København. Ikkje strålande sommarv겠her heller, men koselig likevel. Avslutta reisa med ei langhelg på hytta i Sverige. Endelig kom sola :-D.
Fekk sjansen til å prøve meg på vannski, og som ein kan sjå på denne videoen, så var det meir eller mindre vellukka.
2 kommentarerTur til Preikestolen

Er heime på Sand på ferie for tida, og i dag tok eg, Linda, Magnhild og mor turen til Preikestolen.