OlavHelland.com

Olav Helland

Kategorien 'Reiser og ferie'

Ferie!

fritidsresor.jpg

Då er me klare for tre veker ferie :-)

Søndag er det avreise fra Gøteborg med Fritidsresor til øya Samos i Hellas. Der skal me bu på hotell Athena i Kokkari. Veke nummer to blir tilbrakt på hytta i Sverige, før me avslutter med ei veke til fjells på Ål, på firmahytta til jobben til Linda.

God sommar!

1 kommentar

5. plass, men mykje sol i Bodø..

Bilder fra Bodø

Litt uflaks med puljeinndelinga, og mangel på samspel gjorde at me tapte for Åsheim i den første puljekampen. Og med nytt tap mot favoritten Nyborg, måtte me nøye oss med å kjempe om 5. plassen. Men Bodø viste seg frå si beste side, så me hang ikkje så mykje med hovudet likevel :-)

Har lagt ut litt mobilbilder frå turen.

Ingen kommentarer

Heime på Sand i Pinsen

hellandsnuten.jpg

Me var heime på Sand ein tur i Pinsen. Og då var det tid for den årlige turen opp på Hellandsnuten. Har lagt uten nokre mobilbilder frå turen.

Ingen kommentarer

Påsken 2007

Påskbrasen

Årets påske (fra skjærtorsdag til 1. påskedag) blei tilbrakt på hytta i Sverige. Der var det tradisjonell bålbrenning (påskbrasa) på påskeafta. Har lagt ut nokre mobilbilder av flammane i albumet.

Ingen kommentarer

Zillertal 11.-19. mars 2007

zillertal.jpg

Då var me tilbake frå ei strålande veke i Zillertal i Østerrike. Der var det sol, fint og flott. Bilder er å finne i fotoalbumet. Og eit par filmsnuttar blei det og tatt:

Hans Magne har og lagt ut ein del bilder og ein nyhet frå turen.

1 kommentar

Avreise Zillertal

Zillertal

Pakkinga er i gang. I morgon ettermiddag er det avreise til alpene, nærmare bestemt Zillertal i Østerrike. Me reiser saman med skigjengen til Hans Magne. Reiser billig med Norwegian til München. Og derifrå blir det leigebil til tyrolerhuset me har leigd i Stumm.

Kan hende kjem det nokre live-updates frå mobilen i løpet av veka.. :-)

1 kommentar

Bilder fra hytteturane til Ål og Skåbu

Ål:

Ål Februar 2006

Jobben til Linda har hytte på Ål. Og helga 9.-11. februar var det nokon som hadde avbestilt. Me slo til på kort varsel og reiste til Hallingdal. Vêret var strålande heile helga. Hadde ein fin skitur på laurdagen. Søndagen leika me oss rundt hytta med litt skihopping…

Skåbu:

Skåbu, Februar 2007

Helga 16.-18. februar var me på hyttetur til Skåbu (1 1/2 times tid nord for Lillehammer). Der har familien til Steffen og Renate hytte. Bakgrunnen var at Brad og Elin (som bur i Seattle) var på norgesbesøk og ville treffe gamle kjente. Alaskastudiekompisane Lars og Bjørn var og med. Lørdag var me ein tur i Kvitfjell. Fine forhold. Søndag blei det skitur i solskinnet. Har lagt ut nokre få bilder i albumet.

2 kommentarer

« Forrige sideNeste side »