Bilder fra Bodø

Litt uflaks med puljeinndelinga, og mangel på samspel gjorde at me tapte for Åsheim i den første puljekampen. Og med nytt tap mot favoritten Nyborg, måtte me nøye oss med å kjempe om 5. plassen. Men Bodø viste seg frå si beste side, så me hang ikkje så mykje med hovudet likevel :-)

Har lagt ut litt mobilbilder frå turen.

 

Veteran-NM

I helga er det NM for veteraner i Bodø. NLHI stiller for første gang og forventningene er store :-) Veldig spesielt interresserte kan følge med på resultater her (velg kampoppsett og resultater).

 

Mandag kveld var det ein slags seriefinale mot Kolbotn i 1. div avd. 2. Kolbotn trengte bare å vinne et sett for å sikre avdelingsseieren. Men me spelte solid, og banka dei 3-0 (20-25, 20-25, 22-25). Så dersom me slår Mosjøen minst 3-1 i siste kamp er topplassen sikra :-)

 

Spelte sesongens andre seriekamp i går kveld, mot Kolbotn i Sofiemyrhallen. Siste opptreden me hadde i denne hallen var ikkje mykje å skryte av, 0-3 for Oslo Volley i cuprunden. Så når kampen omsider kom i gang (blei ein halvtime forsinka grunna usedvanlig stor mangel på funksjonærer, nettoppsett og baller), var me klare for å vise at det gjekk an å vinne i denne hallen. Og det gjorde me. Sjølv om både 1. og 3. settet var heilt jevne, og Kolbotn fort kunne ha vunne eit sett, var dette alt i alt ein solid seier.

  • kollvolley.no
  • Østlandets Blad
  •  

    NM

    I helga har det vore NM i sandvolleyball i Trondheim. Eg og Petter måtte pga. for få rankingpoeng spele kvalifisering på fredag. 13 lag kjempa om 2 plasser i hovedrunden. Enkel eliminering. Vann første kamp 2-0 mot nokre juniorar frå Inderøy. Neste kamp var mot Dag & Pierre. Som alltid tapte me her førstesettet, låg litt under i det andre, sånn bare for å gi de smaken av seier, før me skjerpa oss..og vant til slutt 2-1, etter eit solid sistesett. Duka for kamp om å kome inn i hovedrunden mot Bjørn Ingeborgrud, som for anledningen hadde funne seg ny makker, evigunge Ronny Berntsen. Her hadde me egentlig gode muligheter, men det ville seg ikkje. Tapte første settet, vant det andre, men kom tidlig bakpå i det siste settet, og NM-exiten var et faktum :-( .

    Teamet

    Men om me svikta, så hadde andre suksess. Ikkje berre kvalifiserte Gunnar & Nils seg til hovedrunden etter å ha satt Huseby/Hellum ettertrykkelig på plass. Men dei presterte å spele seg fram til ein strålande 5. plass! Gratulerer.

    Bilder i fotoalbumet (frå vår kamp mot Ingeborgrud/Berntsen og Team-Beijing’s kampar mot hhv. Johansenx2 og Kjemperud/Skarlund)

     

    Sandvolleyball er blitt så umåtelig populært om dagen, at det er stor rift om banane i Oslo. Så på mandag var me tidlig ute og kapra Sinsen… Og til stor frustrasjon for Horrem/Pettersen, så var me umulige å sjarmere (!) vekk.. :-D

    Spesielt interresserte kan sjå innslaget på TV2 sporten her.

    Team-Beijing har også omtalt mediedekningen.

     

    Søndag var det klart for Fanta 2 turnering i Halden. Greit å få med seg når ein likevel var i nærheten :-D .

    Havna i pulje med Øystein og Øyvind igjen.. Slo dei 2-0 etter eit jamnt første sett. Dei to andre puljekampane gjekk forsåvidt også greit.. Kvartfinale mot nykomposisjonen Dag Tannes-Fjeld/Øyvind Wergeland. Tapte 1. settet. Men etter å ha fått fora Petter med litt brus og sjokolade gjekk det meste vår vei etterpå, og me drog i land dei to neste setta. Klart for semi mot Espen Gøranson/Bjørn F. Ingeborgrud. Litt underdogs nå, men me åpna friskt og freidig i første settet, tok kommandoen og klarte å slite i land ein settseier med 24-22! Men det var det. Litt jevnt også i andre sett, men tapte. Kom bakpå i starten av siste settet, og klarte aldri å ta igjen ledelsen. Skulle spelt bronsefinale mot Kobbevik/Holtan, men fekk seieren på walkover, da Magne hadde fått seg ein strekk.. Ny 3.plass! Og den heldige vinnar av ein telyshaldar (!).

    © 2012 OlavHelland.com Suffusion theme by Sayontan Sinha