Fanta Open Halden - enda ein 3. plass

Søndag var det klart for Fanta 2 turnering i Halden. Greit å få med seg når ein likevel var i nærheten :-D.
Havna i pulje med Øystein og Øyvind igjen.. Slo dei 2-0 etter eit jamnt første sett. Dei to andre puljekampane gjekk forsåvidt også greit.. Kvartfinale mot nykomposisjonen Dag Tannes-Fjeld/Øyvind Wergeland. Tapte 1. settet. Men etter å ha fått fora Petter med litt brus og sjokolade gjekk det meste vår vei etterpå, og me drog i land dei to neste setta. Klart for semi mot Espen Gøranson/Bjørn F. Ingeborgrud. Litt underdogs nå, men me åpna friskt og freidig i første settet, tok kommandoen og klarte å slite i land ein settseier med 24-22! Men det var det. Litt jevnt også i andre sett, men tapte. Kom bakpå i starten av siste settet, og klarte aldri å ta igjen ledelsen. Skulle spelt bronsefinale mot Kobbevik/Holtan, men fekk seieren på walkover, da Magne hadde fått seg ein strekk.. Ny 3.plass! Og den heldige vinnar av ein telyshaldar (!).
Bli den første til å kommentere
Skriv ein kommentar



