New York, romjul og nyttårsaften 2005
I romjula og nyttår var eg og Linda i New York!
Her følger eit ganske kronologisk referat frå turen:
Mandag 26.12
Me reiste frå Gardermoen med Continentals non-stop flight 2. juledag kl 1110. Ankomst Newark, New York kl 1400. Newark flyplassen ligger litt sørvest for New York, og det var ganske greit å ta seg inn til byen. Tok først Airtrain frå terminalen til flyplassen sin togstasjon. Der var det berre å hoppa på første tog med NJ Transit til Penn Station, New York. $14 pr. pers. Penn Station låg faktisk i bakken rett under Madison Square Garden. Hotellet, The New Yorker, var omtrent tvers over gata. Me sjekka inn og havna på eit heilt greit rom i 34. etasje. Og viss ein var litt vågal og stakk hovudet ut av vinduet så var det til og med utsikt! Sultne etter ei lang reise, var det godt med ein skikkelig burger på Fridays, før me rusla ein tur opp til Times Square, for å føle litt på byen. 6 timer for lang dag tar på, så me gjekk og la oss tidlig etter det.
Tirsdag 27.12
Dagen for å gjere seg kjent med byen. Me satsa på sightseeing buss! Downtown Loop med Gray Line New York tok oss ein rundtur på Manhattan og me fekk et greit overblikk over den sørlige delen av Manhattan. Etterpå blei det litt shopping, og Linda fekk kjøpts seg nye tøffe joggesko på Niketown. Etter litt mat (og det var på tide…legg aldri ut på shopping uten nok mat og drikke..), hadde me bestemt oss for å sjekka ut New York skyline litt nærmare. Normalt er det vel Empire State Building folk vil opp i. Men etter å sett køen som var der når me kjørte forbi med sightseeingbussen, bestemte me oss for å dra til topps i Rockefeller Center (259m) i staden. Rockefeller Center ligger mitt i byen og det er der byen sitt juletre står. Også veldig populært å gå på skøyter der..Det var litt kø her og, men etter å fått kjøpt billett, og venta litt på vår tur i heisen, var på på Top of the Rock like etter at sola hadde gått ned. Fabelaktig utsikt! Var på kino etterpå og havna på The Producers. Tabbe. Avslutta kvelden med mat og drikke på Hard Rock Cafe New York. Jetlag’en tok på og det blei tidlig kveld igjen…
Onsdag 28.12
Tid for å sjekke ut subway’en. Enkeltturar koster $2, og då kan du reise så langt og bytte så mange ganger du vil innen to timar. Me kjøpte et dagskort til $7. Det var ein stasjon like ved hotellet, og derfra tok me banen sør til Ground Zero og World Trade Center. Ikkje så mykje å sjå der lenger, navn på alle omkomne, litt historie om bygningane og planar for gjennombygging var det heile. Gjekk langs sjøen ned til sørspissen av Manhattan. Me tenkte litt på om me skulle ta båten ut til frihetsgudinna, men når me såg køen slo me det frå oss. Tok heller gratisferja fram og tilbake til Staten Island. Denne går rett forbi Frihetsgudinna og gir i tillegg bra utsikt mot Manhattan skyline. Etterpå tok me subway’en opp til Central Park og rusla litt rundt der, til me blei så sultne at det måtte avbrytast :-).
Torsdag 29.12
Shopping, shopping, shopping! Hadde sett av dagen til det formålet og tok bussen til Woodbury Common Premium Outlet. Dette låg et lite stykke utafor NY, men med 220 merkevarebutikkar som i tillegg hadde romjulssalg, så var det berre å handle i veg. Tilbake i NY kl 2030. Var innom ein fin italiensk restaurant, Barbetta, og bestilte bord til nyttårsafta ;-). Etter thailandsk på Yum Yum Bangkok var veien kort til senga på hotellet. Shopping tar på..
Fredag 30.12
Rusla sørover til Greenwich Village, SoHo og Little Italy. Dette er litt roligare og “kosligare” strøk enn Midtown der trafikken og folkemengden kan bli i meste laget for noken og ein kvar.. Mange kaf饲, butikkar og boligblokker preger desse bydelane. Etter litt caf鬠og shopping…gjekk me nordover igjen. På vegen fekk me med oss den spesielle flatiron-bygningen. Dette er ein av dei første høge bygningane i New York, og den blei forma etter tomta dei hadde tilgjengelig. Som eit strykejern. Etterpå var tid for turens høgkulturelle innslag. Besøk på museum. På MoMA (Museum og Modern Art) har dei gratis inngang kvar fredag etter kl. 16. Dette var tydeligvis populært, for køen var laaang. Men den gjekk fort unna, så etter ein halvtime var me innafor dørene. Men etter å ha traska gatelangs heile dagen, var beina trøtte og hovudet tomt, så me tok den raske versjonen. 5 etasjar med Picasso, Van Gogh, Gauguin, Munch(!), Rousseau, Matisse og mange fleir var gjort unna på ein drøy time :-P. Etterpå smakte det ekstra godt med mat og drikke på Heartland Brewery. Gjekk heim igjen til hotellet gjennom Times Square der forberedelsane til morgendagen var i gang.
Lørdag 31.12
Nyttårsafta på Times Square i New York! Men me starta dagen med å ta subway’en til like nordøst for Central Park. Då havna me i East Harlem. Gatene var oppkalla etter amerikanske borgerretsforkjempere og heitte Malcom X Boulevard o.l. Om me ikkje var havna heilt i ghettoen, så var kontrasten til Downtown stor. Me var ikkje langt fra parken, og i dag fekk med med oss den nordlige delen av den også. Her er Linda foran Jacqueline Kennedy Onassis Reservoir. Etterpå var det tid for å slappe litt av på hotelrommet før (den store) kvelden… Bordet på Barbetta var reservert til halv ni.
Restauranten var fin, maten var god, og eg var aldri så lite nervøs… Men etter å ha kome oss gjennom dagens 7(!) rettar, så fekk eg endelig spurt. Linda svarte JA! Og me kunne skåla i Champagne på huset :-). Dette var jo så flott at me blei sittande litt for lenge til å komme veldig nærme Times Square… Men etter litt vandring og køståing, kom me oss innafor sperringane (i lag med omtrent 1 million andre), og kunne skimta Times Square og “ballen” i de fjerne. Klokka 12 var det full jubel, fyrverkeri i Central Park, og alle var glade :-D.
Søndag 01.01
Laaang heimreis.
5 kommentarer så langt
Skriv ein kommentar





Gratla!
Kor det reisebrevet er på vei hen?
Godt spm. Det var godt på vei, men så hadde eg brukt for lang tid på å skrive det.. og blitt logga ut av saken. Så pløtzlich var det borte
Sånn, nå har du fått referatet ditt!
bra jobba