OlavHelland.com

Olav Helland

Vannskidebut i den svenske skjærgården

Vannskidebut

Ferien er slutt. Var heime på Sand ei lita veke først. Mykje regn gjorde at det med unntak av turen til Preikestolen blei mest bokferie. Planlagde fjell- og sykkelturar gjekk bokstavelig talt i vasken… I søken etter sol og sommar bestemte me oss for å reise til Syden, nærmare bestemt Danmark. Ferje frå Egersund, overnatta ei natt i Hanstholm etter sein ferjeankomst, før me reiste videre sørover, og hadde to dagar i Ebeltoft og to i København. Ikkje strålande sommarvê² her heller, men koselig likevel. Avslutta reisa med ei langhelg på hytta i Sverige. Endelig kom sola :-D.

Fekk sjansen til å prøve meg på vannski, og som ein kan sjå på denne videoen, så var det meir eller mindre vellukka.

2 kommentarer så langt

  1. yalla 15. August 2005 20:19

    Stilfull vannskiing..

  2. Olav 15. August 2005 21:05

    Vel, eg kom nå opp til slutt, sjøl om eg gjekk i periskophøgde ei stund :D

Skriv ein kommentar